Utlysing av sommarjobb som fiskar gjennom Ungdomsfiske 2026

Også i sommar kan ungdom som er nysgjerrig på fiskaryrket og har lyst på jobberfaring, søke om sommarjobb i Ungdomsfiske.

Aukra kommune leiger inn båt med skipper som vil rettleia ungdommane som er ombord. Lønt vil vere det du får for sal av fisken du fiskar. 

Formålet med Ungdomsfiske er at fleire ungdommar får prøva seg på sjøen. Me oppmodar til søknader frå alle som er interesserte, uavhengig av kjønn og bakgrunn.

Fisket vil gå føre seg i to periodar

  • Periode 1: 22. juni til 3. juli
  • Periode 2: 13. juli til 24. juli

Skipper er Andreas Håbet

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 12. juni 2026

Om søknadsskjemaet

  • Fyll ut søknadsskjemaet Søknadsinformasjon Ungdomsfiske i Nordvest
  • Når du søkjer, kryssar du av for kva periode du kan delta, evt begge periodane. 
  • Kva dagar i perioden det er drift, og oppmøtetid, blir avtalt med skipper.

Søknadsskjema ungdomsfiske

Du vil mellom anna 

  • fiske med dei/den reiskapen båten er rigga med 
  • få sikkerheitsopplæring og sikkerheitssøving
  • lære om råstoff, innmelding av fangst og sjømannskap

Vi søkjer deg som er

  • Arbeidsom
  • Nysgjerrig
  • Omgjengeleg
  • Sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar

For å kunne delta må du

  • Fylle 15 år i 2026 eller vere eldre, men ikkje ha fylt 25 år før 30.4.26. 
  • Delta på sikkerheits- og opplæringsdag i Kristiansund 25. juni
  • Kunne møte opp og ta deg heim frå avtalt oppmøtestad
  • Følgje opp dei krava til søknader/dokumentasjon som krevst, viss du får tilbod om sommarjobb. 
  • Tidleg i haust vil det vera ei felles avslutning, og vi ønskjer at flest mogleg deltek på denne.

Spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Tove Henøen ved Nordmøre fiskebåt på 926 89 727 eller tove@nordmorefiskebat.no