Utlegging av eigedomsskatteliste for 2026

Skatteliste for eigedomsskatt i Aukra kommune ligg ute til offentleg ettersyn i tre veker frå og med 2. mars 2026, jamfør eigedomsskattelova § 15.

Om eigedomsskatt for 2026

Aukra kommunestyret vedtok den 11. desember 2025, i sak PS-66/25, å skrive ut eigedomsskatt for skatteåret 2026. Rettsleg grunnlag er eigedomsskattelova (esktl.) § 3 bokstav c, jf. overgangsreglane til §§ 3 og 4. Skattesatsen blei i same sak fastsett til 7 promille.

Lista ligg ut på kommunen si heimeside, og ved ekspedisjonen på kommunehuset i tre veker frå og med 2. mars 2026.

Eigedomsskatten forfell til betaling i to like store terminar, 15. april og 15. oktober 2026.

Administrativ og rettsleg prøving

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker rekna frå 2. mars 2026.

Søksmål om vedtaket er gyldig, kan berre reisast dersom skattytar har nytta klageretten, jf. esktl. § 29 og forvaltningslova § 27 b.

Eigedomsskattekontoret kan svare på spørsmål om utlikna eigedomsskatt. 

Eigedomsskatteliste for 2026

Eigedomsskatteliste for 2026
Gårds- og bruksnummerSkattesats, promilleTakstverdi i NOKUtlikna skatt i NOK
7125 432 000878 024
2/76 og 2/777--
Lokalitet 31677726 778 562187 450
13/216726 740 752187 185
Lokalitet 39937729 899 125209 294
9/26738 441 249 932269 088 750
8/472 806 06219 642
13/2637--
38 652 906 433270 570 345