Utlegging av eigedomsskatteliste for 2025

Skatteliste for eigedomsskatt i Aukra kommune låg ute til offentleg ettersyn i tre veker frå og med 28. februar 2025, jamfør eigedomsskattelova § 15.

Om eigedomsskatt for 2025

Aukra kommunestyret vedtok den 18. desember 2024, i sak PS-87/24, å skrive ut eigedomsskatt for skatteåret 2025. Rettsleg grunnlag er eigedomsskattelova (esktl.) § 3 bokstav c, jf. overgangsreglane til §§ 3 og 4. Skattesatsen blei i same sak fastsett til 7 promille.

Lista låg ut på kommunen si heimeside, og ved ekspedisjonen på kommunehuset i tre veker frå og med 28. februar 2025.

Eigedomsskatten forfell til betaling i to like store terminar, 15. april og 15. oktober 2025.

Administrativ og rettsleg prøving

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker rekna frå 1. mars 2025.

Søksmål om vedtaket er gyldig, kan berre reisast dersom skattytar har nytta klageretten, jf. esktl. § 29 og forvaltningslova § 27 b.

Eigedomsskattekontoret kan svare på spørsmål om utlikna eigedomsskatt.