Ungdom i Aukra får også i sommar høve til å delta i yrkesfiske – ei unik erfaring som gir både lønn, sjøkompetanse og innsikt i eit viktig næringsliv.
Nordmøre Fiskebåt AS leiar også i år prosjektet med Ungdomsfiske i Nordvest for kommunane Aukra, Aure, Averøy, Hustadvika, Kristiansund, Smøla og Ålesund. Årets ordning opplevde rekordstor interesse, med heile 212 søkjarar til dei 42 tilgjengelege plassane.
Ungdomsfiskeordninga gir ungdom mellom 15 og 25 år høve til å jobbe på sjøen i sommarferien. Gjennom trygge rammer og god oppfølging får deltakarane lære meir om havet, fiskerinæringa og berekraftig hausting av ressursane våre.
I Aukra kommune er det 7 ungdommar som får delta på fiske i sommar. Første båten frå Aukra startar 30. juni med Arild Tøsse og Andreas Håbet som skipparar.
Les meir om sikkerheitsdagen