Torill Einara Nerbøvik blir kommunalsjef for samfunnsutvikling i Aukra kommune

Torill Einara Nerbøvik har takka ja til å bli ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Aukra kommune.

Nerbøvik er 42 år og bur på Gossen. Ho er i dag einingsleiar for plan, byggesak og oppmåling i Hustadvika kommune. Ho har ein mastergrad i arkeologi, og har tidlegare vore arealplanleggjar i Sweco, plan- og miljørådgjevar i Aukra kommune og rådgjevar/arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

I tillegg til brei og relevant arbeidserfaring kjenner Nerbøvik Aukra kommune godt som lokalpolitikar. Ho er inne i sin andre periode i kommunestyret, og hausten 2023 vart ho vald til varaordførar. Fram til februar/mars er ho òg fungerande ordførar. Før ho tiltrer stillinga som kommunalsjef 1. mai 2026, vil ho gå av som varaordførar.

Dette seier kommunedirektør Gerd Marit Langøy

Bilete av Gerd Marit Langøy - Klikk for stort bilete

«Eg er svært godt nøgd med at Torill Einara Nerbøvik har takka ja til å bli kommunalsjef for samfunnsutvikling i Aukra kommune», seier kommunedirektør Gerd Marit Langøy. «Ho har brei erfaring frå plan- og arealarbeid i kommunal sektor, og eit varmt samfunnsengasjement. Når vi kombinerer dette med leiarerfaring, grundigheit og høg arbeidskapasitet, vil Torill vere svært godt skikka til å gå inn i denne viktige stillinga i kommunen vår. Eg gler meg til å få Torill inn i leiarteamet mitt!»

Dette seier Torill Einara Nerbøvik

Bilete av Torill Einara Nerbøvik - Klikk for stort bilete

«Eg ser fram til å ta fatt i oppgåva som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Aukra kommune frå 1.mai. Det er ei spennande utfordring eg verkeleg gler meg til, og eg ønsker å vere ein god samfunnsbyggar og lede dette feltet i Aukra kommune på ein god måte i tida vi går i møte. Eg takkar for tillita eg har hatt i politikken desse åra, og ser tilbake på desse som viktige byggesteinar og erfaringar eg tek meg vidare.»