Strandryddeveka 2025

Strandryddeveka skjer i periode 12. – 21. september 2025.

Rydd i nærområdet ditt

Vi oppmodar til rydding langs elvar, innsjøar, strendar, holmar, øyar, stiar og liknande i nærleiken av der du bur.

Slik kommer du i gang:

  1. Finn/registrer aksjon i Rydde - det er frivillig. Du kan også plukke søppel utan å registrere deg.
  2. Hent gratis ryddeutstyr
  3. Avtal rutehenting om du forventer mange sekker eller lever avfallet på gjenvinningsstasjonen
  4. Rydd trygt – og lever som «Strandryddeavfall» på stasjonen
  5. Registrer funn i Rydde

Les meir om korleis du planlegg og gjennomfører ein ryddeaksjon.

Gratis ryddeutstyr

Du kan hente gratis sekker på 

  • Kommunehuset mellom kl. 10 og 14
  • Kulturhuset
  • Extra Hollingen

Kvar skal du gjere av søpla?

Du kan levere avfallet som brennbart restavfall til Rothaugen på Gossen eller Årødalen i Molde.

Rothaugen har slik opningstid: 

  • Torsdagar: Kl. 11.30 - 18.00
  • Fredagar: Kl. 09.30 - 16.15
  • Første laurdag i kvar månad: Kl. 10.00 - 14.00

Adresse: Rishaugvegen 96, 6480 Aukra

For aksjonar som samlar mykje avfall, kan RIR ta med strandrydde-sekker på restavfallbilen på rute. Du må avtale henting med RIR på førehand. Avtal tidspunkt, stad og tal på sekker, og sett sekkene tydelig til rette før henting.

Ta kontakt med RIR for å avtale henting

Samarbeid med StikkUT! - Stikk ut og plukk

RIR og Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal presenterer Stikk ut og plukk - ei panteordning for marin forsøpling. Deltakarar kan levere strandryddeavfall hos RIR og få 150 kr per sekk.

Les korleis du kan kome i gang med Stikk ut og plukk

Kontaktinformasjon til Hold Norge rent

Treng du råd eller bistand til planlegging i Strandryddeveka? Send ein e-post til: post@holdnorgerent.no

Dekorativt element - Klikk for stort bilete