Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Stolt og glad!

Dei hadde inga aning om kva som skulle skje, medarbeidarane i eining for innvandring og integrering, då dei var kalla inn til personalmøte tysdag ettermiddag den 28. mars. 

Gleda og overraskinga var stor då dei skjønte at dei er tildelt Aukra kommune sin arbeidsmiljøpris for 2022! Både ordførar, kommunedirektør, hovudverneombod og fleire tillitsvalde var til stades for å overrekke prisen, som er eit diplom, og ein gåvesjekk på 6000 kroner.
 
Tildelinga vart feira med talar, kaffe og kake.
 
Dei tilsette er veldig stolte over prisen og arbeidsmiljøet dei har. Dei gler seg kvar dag til å gå på jobb, og kjenner seg trygg på kvarandre. Dei bryr seg om sine kollegaer, og ser det som ein fordel å ha fleire ulike kulturar i kollegiet. Dei er opne om at dei kan ha ulike måtar å sjå ting på og at dei kan vere ueinige om ting. Temperaturen i diskusjonane kan vere høg, men så lenge du er trygg på kollegaene sine, tåler du litt diskusjon.
Dette seier kollegaene Jane Oterhals og Tove Mette Vestad i eining for innvandring og integrering. 
 
Einingsleiar Aud Lisbeth Lillebostad klarar heller ikkje skjule si stoltheit over prisen, og takkar dei flotte medarbeidarane sine som verkeleg er dedikerte og kompetente i jobben dei gjer. Ho er aldri i tvil om at alle strekk seg så langt dei kan og gjerne litt lenger - for å få gjort ein god jobb. Det er ei glede å vere leiar for ein slik gjeng.

Aud Lisbeth er svært takksam for nominasjonen. Ho takkar medlemmane i arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet som har tildelt eininga prisen. Utvala har sett det arbeidet dei har gjort for å komme dit dei er i dag, med høg jobbtrivsel og høgt nærvær - til trass for at kvardagen er krevjande og utfordrande til tider.