Sjekk ut resultatet frå borgarundersøkinga

Oppløftande og positive resultat.

Om borgarundersøkinga

Borgarundersøkinga i Aukra i 2025 kartlegg innbyggjarane sitt inntrykk av kommunen og tilfredsheit på ulike tenesteområde, mellom anna kommunale tenester, tilbod og moglegheiter i kommunen, tryggleik og demokrati.

Undersøkinga er gjennomført blant eit tilfeldig trekt utval som består av 466 innbyggjarar i Aukra kommune, alle i alderen 18 år og eldre. Jamt over er det svært gode resultat for Aukra i borgarundersøkinga 2025. 

Om resultatet

Den samla kommunevurderinga er betre enn snittet for like store kommunar. Den samla kommunevurderinga består av alle hovudmåla slått saman, kor Aukra får høgare resultat enn like store kommunar på fleire punkt. Når det gjeld sentrumsaktiviteten er resultat bedte enn førre undersøking i 2017. Det er eit svært godt resultat på spørsmålet om kor sannsynleg det er at ein bur i kommunen om 5 år. Aukra skårar betre en jamstore kommunar på spørsmåla om tilknyting, både til kommunen og til lokalsamfunnet.

«Innbyggarundersøkinga gir viktige tilbakemeldingar frå innbyggarane knytt til alle tenesteområda, samt tema som aldersvennlege bustader, folkehelse og frivilligheit. Resultata frå undersøkinga vil nyttast i ein målretta utvikling av kommunen sine tenester».

Sjå resultatet frå innbyggjarundersøkinga (PDF-format) (PDF, 4 MB)