Resultat frå TV-aksjon 2025Søndag 19. oktober var bøsseberarane på tur i kommunen vår. Fekk du ikkje gjeve? Du kan framleis gje eit bidrag til årets TV-aksjon.Bøsseberarane har vore på tur på både Orta, Gossen og i Julsundet. Det vart samla inn 91 585 kr i bøssene på aksjonsdagen. Til saman er det samla inn 233 227 kr i Aukra kommune per 21. oktober. Sjå resultatet for AukraDu kan fortsatt gjeDu kan gje eit bidrag til TV-aksjonen ut året - på tre forskjellege måtar:Vipps til 2133Overføre til TV-aksjonskonto 8380 08 09005Gje eit birdrag med kortbetalingGå til TV-aksjonen si side for å gje eit bidragTakk til alleAukra kommune ønskjer å takke alle som har gjeve eit bidrag til årets aksjon - og ikkje minst bøsseberarane som har gått frå dør til dør i kommunen vår. Sist endra 21.10.2025 11.25