Rådgjevande folkerøysting om skriftleg hovudmål for Julsundet skole

Aukra kommunestyret har i møte 10. september 2026 vedteke at det skal bli ei rådgjevande folkerøysting om skriftleg hovudmål for Julsundet skole. Les meir om kven som kan stemme og kvar og når du kan stemme i artikkelen nedanfor.

Valdagen er måndag 9. november kl. 12.00 til 20.00. Du kan stemme på førehand i perioden 26. oktober til 6. november 2026.

Kven kan stemme?

Du kan stemme ved den rådgjevande folkerøystinga når du oppfyller desse vilkår:

  • er folkeregistrert i Julsundet krins per 10. oktober 2026
  • er født i 2008 eller tidlegare
  • er norsk statsborgar eller er statsborgar av eit anna nordisk land og er folkeregistrert som busett i Noreg seinast per 30. juni 2026 eller er ikkje norsk statsborgar, men har vært folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen

Stemmerett har også foreldre til

  • barn på 1. til 7. trinn på Julsundet skole
  • barn som er tildelte skoleplass på 1. til 7. trinn ved Julsundet skole

Førehandsstemming

Perioden for førehandsstemming er 26. oktober til 6. november 2026.

Her kan du førehandsstemme:

  • måndag til fredag kl. 10.00 til 14.00 på kommunehuset
  • onsdag 4. november kl. 14.00 til 19.00 på Mevoldtunet
  • torsdag 5. november kl. 10.00 til 15.00 på Mevoldtunet
  • fredag 6. november kl. 10.00 til 15.00 på Mevoldtunet

Stemme på valdagen

På valdagen kan du stemme mellom kl. 12.00 og 20.00 på Mevoldtunet.

Er du sjuk eller ufør?

Dersom du grunna helsa di ikkje kan oppsøke eit ordinært stemmelokale, kan vi kome til deg for å ta imot di stemme. Ta kontakt med oss på telefon 71 17 15 00 eller post@aukra.kommune.no, dersom det gjeld deg.

Frist for å kontakte oss om å stemme heime er torsdag 5. november 2026 kl. 12.00.

Manntalet

Manntalet vert lagt ut så snart som mogleg på:

  • Kommunehuset
  • Julsundet skole
  • Extra Hollingen

Feil i manntalet?

Dersom du ikkje står oppført i manntalet, men meiner du har stemmerett eller når du oppdager andre feil i manntalet, kan du sende skriftleg klage med grunngiving til valstyret snarast.

Klagen sender du til:

Valstyret vil behandle klager og rette eventuelle feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram mot valdagen.

Klagefristar

  • Frist for å klage på vedtak om retting av manntal er syv dagar frå melding om manntalsvedtaket kom fram til klagaren
  • Frist for å klage over forhold i samband med førebuing og gjennomføring av rådgjevande folkerøysting ved Julsundet skole 2026 - målform er 13. november 2026
  • Frist for å klage over valoppgjer for rådgjevande folkerøysting ved Julsundet skole 2026 - målform er 16. november 2026
  • Frist for å klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av rådgjevande folkerøysting ved Julsundet skole 2026 - målform er sju dagar etter at vedtaket er kunngjort. Saka vert mest sannsynleg behandla i kommunestyremøtet 10. desember 2026.

Klagenemnda i Aukra kommune er klageinstans.

Du kan sende di klage til: