Oppstart av prosjekt delanlegg friidrett og bytte av kunstgras ved Riksfjord stadion

Aukra kommune startar opp arbeida med fjerning av eksisterande kunstgrasdekke ved Riksfjord stadion i veke 45. 

Riksfjord stadion vil vere stengt for all aktivitet til arbeida er ferdige i veke 23 i 2027. Det blir ikkje tillate med aktivitet på anlegget i perioden veke 45 i 2026 til veke 23 i 2027.

Første del av arbeidet vert utført i veke 45

Arbeidet blir igangsett mandag 2. november 2026 og er venta å bli ferdig fredag 6. november 2026.

Det blir ein del aktivitet med store køyrety og redusert parkeringsareal ved stadion mens arbeida blir utført. Det er planlagt at anleggstrafikken vil gå føre seg som vist under:

Kart som viser trafikkflyten - Klikk for stort bilete

Vidare arbeid frå og med veke 46

Vidare arbeid med masseutskifting og grunnarbeid vil bli starta opp i veke 46 og vil gå føre ut over vinteren.
Anleggstrafikken i samband med desse arbeida er tenkt utført som vist under:

Kart viser korleis anleggtrafikken skal gå - Klikk for stort bilete