Opning av Romsdalsløypa i Aukra

Måndag 15. september var det offisiell opning av Romsdalsløypa både på Gossen barne- og ungdomsskole og på Julsundet skole. Det var høgtideleg snorklipping, konfetti, is og ikkje minst kjempegod stemning under dette arrangementet.

Gjennom Romsdalsløypa vil elevane få vere med på ei rekke aktivitetar innan natur, samfunn og næringsliv.

- Målet er å gje meir kunnskap om lokalsamfunnet, og dermed bygge stoltheit til heimkommunen og regionen vår, seier Anne Reidun Valdal, prosjektleiar frå Aukra Næringsforum.

-Eg er utruleg stolt over at vi no har fått etablert Romsdalsløypa som eit tilbod for elevane i Aukraskolen. Dette vil gje elevane våre god og nyttig kunnskap om lokalsamfunnet vårt, og ikkje minst bygge stoltheit til Aukra og Romsdalsregionen. Dette vil ha stor betydning med tanke på framtidig rekruttering, og at elevane våre ser kva moglegheiter som finns innanfor privat næringsliv og kommunal sektor med tanke på gode og framtidsretta jobbar, seier ordførar Helge Kjøll jr.

Mange aktivitetar

Romsdalsløypa er ikkje ei fysisk løype, men ein rekke aktivitetar frå siste året i barnehagen til siste året i ungdomsskolen. I barne- og ungdomsskolen vil elevane få vere med på tre ulike aktivitetar kvart skoleår, til saman 30 aktivitetar i løpet av tida på grunnskolen.

- Vi ønskjer at barn og unge skal få ein god følelse for heimplassen, slik at dei ønskjer å bli verande eller vender heim igjen etter jobb og studiar andre plassar, seier Valdal.

Omdømmeprosjekt

Opninga i Aukra markerer eit nytt kapittel for Romsdalsløypa, og viser korleis samarbeid mellom kommunar kan bidra til å bygge stoltheit og tilhøyrsle blant barn og unge. Satsinga er ein del av eit omdømme- og rekrutteringsprosjekt som Molde Næringsforum har dratt i gang saman med Aukra Næringsforum, Hustadvika Næringsforum, Nordveggen (Rauma), Vestnes Næringsforum og Romsdal interkommunal politiske råd. Anne Reidun Valdal gir ros til alle i Aukra kommune som har vore med å fått Romsdalsløypa på plass i Aukraskolane.