Open møteplass for ungdom etter ulukka i Mordalsvågen

Ein stad å vere saman

Etter den tragiske ulukka i Mordalsvågen, veit vi at mange ungdommar har behov for å vere saman, møte vener og ha nokon å snakke med.

Difor opnar vi Kyrkjelydshuset på Gossen onsdag 12. august kl. 18.00.

Her kan du kome akkurat som du er. Du kan vere saman med andre, prate, eller berre vere der. Det er heilt opp til deg.

Det vil vere trygge vaksne til stades gjennom kvelden. Dersom du har behov for å snakke med nokon, anten åleine eller saman med andre, er det også mogleg. 

Når: Onsdag 12. august kl. 18.00
Kvar: Kyrkjelydshuset på Gossen, Skogvegen 1 A, 6480 Aukra 

Du treng ikkje melde deg på. Ta gjerne med deg ein ven.

Velkomen

Kyrkjelydshuset - Klikk for stort bilete Kyrkjelydshuset