Ope møte om Julsundet sambrukshusVelkomen til ope møte om Julsundet sambrukshus 17. september kl. 18.00.Dato, tid og stadOnsdag 17. september 2025Kl. 18.00-20.00Auditoriet på Julsundet fleirbrukshusProgramKommunen introduserer3RW presenterer analysar og skisserMedverknad og innspelOm Julsundet sambrukshusAukra kommune skal byggje nytt sambrukshus i Julsundet. Sambrukshuset skal vere ein stad som er tilpassa stadens og innbyggjaranes behov. Den 24. juni kom arkitektar frå 3RW og representantar frå Aukra kommune til Julsundet skole. Det vart halde tankeverkstad med ulike representantar frå lag og organisasjonar. Saman med oppgåver, som vart organiserte for elevar frå skolen i forkant, danna dette eit informasjonsgrunnlag som blir utgangspunkt for vidare løysingar og forslag til program. Det blir no invitert til eit nytt møte med moglegheit for å medverke og kome med innspel. 3RW vil presentere oppsummering frå førre runde med analysar av tilbakemeldingar frå innbyggjarar. Det vil òg bli ein gjennomgang av skisser og val av tomt for sambrukshuset. Vel møtt til ope møte den 17. september på Julsundet skole! Publisert 11.09.2025 10.45 Sist endra 11.09.2025 10.53