Om mørke gatelys i Aukra

Aukra kommune får inn mange meldingar om mørke gatelys for tida. Innbyggjarane våre varslar oss og det set vi stor pris på!

Reparasjon av mørke gatelys

Vi er klar over at det er mykje mørke gatelys rundt omkring i kommunen. Reparering av desse vil bli tekne over tid og det blir prioritert kva lys som er mest kritisk. Skolevegar og lysstrekk der alle lamper på heile vegstrekninga er mørk, har første prioritet.

Det er leverandøren av lampene som tek seg av reparasjonane og det vert som regel ikkje utkalla personell berre for reparering av eit eller få lys om gongen. Det blir samla opp og teke som ein større ordre – gjerne som ein heil dag.

Fylkeskommunen overtar veglys på fylkesvegar

Fylkeskommunen skal overta drift av lys langs dei fleste fylkesvegar. Det er eit pågåande arbeid med å få skilt ut kommunale vegstrekk frå fylkesvegar. Nokre strekningar er allereie overtekne av fylkeskommunen.

Strekningar som allereie er overtekne er:

  • På Julsundet er alle fylkesvegar teke over med unntak av strekninga mellom Hollingen kryss (kryss ned til ferjekai) og fram til ca. gamleskolen på Fanghol. 
  • På Gossen har fylkeskommunen teke over strekninga frå ferjekai og opp til Aukrahallen. Det vert jobba med heile strekninga langs fylkesveg til Nyhamna.