Og årets frivillig vart....…Svein Willy TollefsenI samband med årets frivilligfest på Aukra kulturhus 5. desember, fekk Svein Willy Tollefsen Frivilligsprisen for 2024. Prisen, som vart utdelt av kultursjef Anne Jorunn Sandøy, fekk han for den store innsatsen han gjer med å engasjere seg i naboane sine. Han hjelper til med vedkjøring og diverse reparasjonar. Han har óg etablert ein aktivitetsverkstad i gapahuken i bustadfeltet i Eindalen. Her får born og vaksne ukrainske naboar snikre og spikke samtidig som dei lærer norske ord og uttrykk. Det var ein flott frivilligfest med god mat, eit fint program og ikkje minst god stemning. Festen var fint leda av dagleg leiar ved Frivilligsentralen Idun Sandøy Solem. Aukra kommune Publisert 06.12.2024 09.27 Sist endra 06.12.2024 09.40