Nye einingsleiarar innan helse og omsorg i Aukra kommune

Aukra kommune har tilsett John Helge Frøystad som einingsleiar for Helse og Rune Trætli Storvik som einingsleiar for Institusjon, bu og habilitering. Med desse tilsetjingane får kommunen på plass fast leiing i to sentrale einingar innan helse- og omsorgstenestene.

John Helge Frøystad – einingsleiar for Helse

John Helge Frøystad har takka ja til stillinga som einingsleiar for Helse. Han har over tid vore

 konstituert i stillinga og kjenner både organisasjonen, tenestene og utviklingsarbeidet i sektoren godt.

Eining Helse omfattar legesenter, fysioterapi og ergoterapi, helsestasjon og skulehelseteneste, samt psykisk helse og rus. Eininga har dermed eit breitt fagleg ansvarsområde og ei sentral rolle i utviklinga av dei kommunale helsetenestene.

– Eg er svært nøgd med at John Helge har takka ja til stillinga. Han har gjennom perioden som konstituert einingsleiar opparbeidd seg god erfaring med leiaransvaret og har god kjennskap til både organisasjonen og tenestene. Han er løysingsorientert, samarbeider godt på tvers og har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle meir heilskaplege og samanhengande tenester, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Silje Liepelt.

John Helge Frøystad - Klikk for stort bilete Aukra kommune

Rune Trætli Storvik – einingsleiar for Institusjon, bu og habilitering

Rune Trætli Storvik er tilsett som einingsleiar for Institusjon, bu og habilitering og startar i stillinga 1. desember 2026.

Storvik er utdanna ergoterapeut og har brei leiarerfaring frå mellom anna kommunal verksemd og NAV. 

Eininga omfattar institusjonstenester, bu- og habiliteringstenester og har ansvar for tenester til fleire brukargrupper med omfattande og samansette behov.

– Vi er svært glade for å få Rune med på laget. Han kjem inn med solid leiarerfaring, eit tydeleg utviklingsperspektiv og eit sterkt engasjement for å skape gode tenester saman med medarbeidarane. Eg har stor tru på at kompetansen og erfaringa hans vil vere verdifull i det vidare utviklingsarbeidet vårt, seier Liepelt.

Rune Trætli Storvik - Klikk for stort bilete Rune Trætli Storvik

Styrkjer leiarlaget innan helse og omsorg

Tilsetjingane er viktige for å sikre stabilitet og kontinuitet i leiinga av helse- og omsorgstenestene. Sektoren står framfor både demografiske endringar, behov for omstilling og krav om å utvikle tenestene innanfor berekraftige økonomiske rammer.

– Vi har mykje spennande arbeid framfor oss. Å få på plass faste einingsleiarar med ulik fagleg bakgrunn og erfaring gir oss eit godt utgangspunkt for å vidareutvikle både tenestene og organisasjonen. Eg ser fram til å få John Helge og Rune med i det vidare arbeidet og til å utvikle eit sterkt leiarlag saman, seier Liepelt.