Nominer din kandidat til frivilligprisen 2026Alle kan no nominere sin kandidat for frivilligprisen som vert delt ut under frivilligfesten i desember.Om frivilligprisenMed utdeling av frivilligprisen ønskjer Aukra kommune å heidre enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har gjort ein forskjell - til glede for mange. Vi ønskjer at alle skal kjenne at dei høyrer til i Aukra. Alle veit kor mykje det betyr for oss å høyre til i eit fellesskap, og å få vere engasjert i noko som er kjekt å halde på med på fritida. Det å føle seg velkommen, ha nokon å snakke med og føle seg inkludert. Alt dette vert lagt til grunn når vinnaren skal kårast. Frivilligprisen skal vere eit synleg bevis på at Aukra kommune verdset det frivillige bidraget som er med på å gjere kommunen vår til den beste kommunen å bu i.Statuttar for frivilligprisen:Prisen vert delt ut til den personen, laget eller organisasjonen som har gjort ein spesiell inkluderingsinnsats i kommunen. Prisvinnaren vert kåra i samband med frivilligfesten i desember. Alle kan nominere kandidatar innan 1. desember kvart år. Prisen vert lyst ut på kommunen si heimeside og i sosiale medium. Dersom det ikkje er kandidatar til prisen, vert prisen overført til året etter.FristFrist for å nominere kandidatar er 1. desember 2026Korleis kan eg nominere kandidatar?Fyll ut og send inn nominasjonsskjemaet.Nominer din kandidat til frivilligprisenDu kan òg levere ein skriftleg nominasjon til Aukra kommune ved kulturavdelinga.Tidlegare vinnarar av frivilligprisen2018 Gossen motorklubb 2019 Aukra husflidslag 2020 Løvik kystfortforening 2021 Sverre Søreide 2022 Gossen bygdekvinnelag 2023 Matombringarane 2024 Svenn Willy Tollefsen 2025 Inger Lyngvær Publisert 21.10.2026 08:40 Sist endra 21.10.2026 08:45