Møte i Energiknutepunkt NyhamnaPå eit møte 14. november 2025 samla Energiknutepunkt Nyhamna, Shell og Gassco ein brei delegasjon frå politikarar, administrasjon, næringsliv og arbeidslivsorganisasjonar.Shell presenterte at dei store investeringsfasane no er avslutta, og at Nyhamna går inn i ein meir stabil fase med fokus på effektivisering, teknologisk utvikling og optimalisering av drifta. Anlegget har i dag en forventa levetid på rundt 15 år, men nye funn som vert ført iland til Nyhamna kan forlenge denne betydeleg.Det ble understreka at Norge, som Europas viktigaste gassleverandør, er avhengig av fortsatt leiting og utbygging av nye felt for å sikre gassforsyninga – og for å oppretthalde aktiviteten på Nyhamna. Aukra kommune peika på at tilknyting av nye felt er viktig for arbeidsplassar, regional utvikling og framtidig industriell satsing, samtidig som spor innan hydrogen og spillvarme fortsatt blir vurdert. Møtet fekk tydeleg fram at vidare framgang krev tett samarbeid og forutsigbare rammevilkår. Ordfører Helge Kjøll avslutta med å uttrykke optimisme for Nyhamna si rolle som ein viktig industrimotor i mange år framover. Publisert 24.11.2025 08.44 Sist endra 24.11.2025 08.44