Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Med støtte frå regjeringa frir vi til innovasjonsmiljø

Auka kostnader, fleire brukarar og knappleik på fagfolk gjer at vi må tenke heilt nytt om helse- og omsorgstenestene framover. Men korleis? Med pengar og hjelp frå regjeringa så frir vi til nasjonale innovasjonsmiljø!

Sjå video der kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen og assisterande kommunalsjef Siri Haukaas i Molde kommune presenterer prosjektet “helse og velferd - på veg mot 2040” i Oslo. Målet var å få eksterne leverandørar til å hjelpa til i arbeidet. Hustadvika kommune er med i dette samarbeidsprosjektet.

Vi får drahjelp frå regjeringa

Regjeringa støttar innovasjonsarbeidet vårt gjennom såkalla «Stimulab»-midlar. Dei har valt ut tre prosjekt i 2025 som til saman får 9 millionar kroner. Eitt av dei er det interkommunale prosjektet «Helse og velferd – på veg mot 2040».

Nytt namn og ny giv!

I samarbeidsprosjektet, som opphavleg vart kalla «Tid for handling», er det mange med på laget: GassROR IKS, kommunane Hustadvika, Molde, Kristiansund, Aukra, Rauma og Vestnes, og dessutan Høgskolen i Molde, Helse Møre og Romsdal HF og Helseinnovasjonssenteret AS.

Deltakarkommunane skal i fellesskap identifisere, teste og evaluere tiltak som kan bidra til større balanse mellom tenestebehov og tilgjengelege ressursar.

Her blir det læring på tvers og styrkte samarbeid! Målet er å bygge løysingar med nasjonal overføringsverdi, tilpassa dagen og morgondagen sine innbyggjarbehov.

Prosjektet blir rigga i løpet av hausten og startar opp mot slutten av 2025.

Kva er Stimulab?

Stimulab er ei ordning som støttar statlege og kommunale verksemder som vågar å tenke nytt om roller og system, og som er villige til å endra desse for å levere betre tenester til brukarane. Gjennom tilskot og fagleg rettleiing til enkeltprosjekt aukar Stimulab innovasjonskapasitet og -kompetanse i dei offentlege verksemdene.

Eit viktig mål for Stimulab er bidra til at heile forvaltninga får auka kunnskap om og erfaring med innovative arbeidsmåtar, med utgangspunkt i brukarbehov.

Les meir om simulab 2025 på regjeringen.no