Send inn din StikkUT!-favoritt i Aukra
Det er Friluftslivets år og i den samanheng kan du vere med og kåre kva som er den finaste StikkUT!-turen i Aukra.
Send inn din favoritt og ver med i trekning av fine StikkUT-premiar, blant anna flott tursekk frå Osprey.
Frist for å sende inn din favoritt-tur er 15. september 2025.
Send inn din StikkUT!-favoritt i Aukra
Her finn du alle StikkUT!-turar i Aukra.
Variasjon i turmåla
Så langt i sesongen har 40.000 StikkUT!-deltakarane i Møre og Romsdal og Heim kommune registrert 605 000 turar, og enno er det to og ein halv månadar igjen av sesongen som varer til 31. oktober.
Det er fire ulike vanskegrader å velje mellom på turmåla:
- Grøne turar er dei lettaste og kortaste
- Blå turar er litt meir krevjande
- Raude turar er krevjande og for den erfarne turgåaren med godt uthald
- Det er også nokre få svarte som krev god fysikk og mykje turerfaring.
Det er mest grøne og blå turar i StikkUT! og turane er både til fjells, i skogen, ved strender og i urbane område, såkalla nærturar.
– Det er individuelt kva ein liker best med ein tur. Nokon liker turar ved sjøen best, nokon liker seg i skogen og nokon liker seg i ope landskap. Stien betyr også mykje for opplevinga, korleis ho blir opplevd å gå og kva opplevingar ein får undervegs, og ved turmålet, seier Hoel.
Lang tradisjon og stor turglede
StikkUT! har eksistert i 20 år og starta i Molde. I løpet av åra har turtrimmen vorte meir og meir populær og har spreidd seg til alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag. StikkUT! er eit godt og viktig samarbeid mellom kommunane, frivillige, grunneigarar, fylkeskommunen og friluftsråda, fortel Hoel.
– Gjennom StikkUT! tilbyr kommunane både eigne innbyggjarar og tilreisande nokon av dei finaste turmåla sine, og opp gjennom åra er det mange som har oppdaga nye turperler både i eigen kommune og andre kommunar. StikkUT! har i stor grad medverka til å gjere folk betre kjent i eige fylke og region, seier Hoel.