Kurs om diabetes type 2

Har du diabetes type 2 eller er pårørande til nokon med diabetes type 2? Då kan dette kurset vere interessant for deg.

Poliklinikk for diabetes og hormonsjukdommar SNR, Lærings- og mestringssenteret og Diabetesforbundet arrangerer kurs om diabetes type 2. Kurset går over to dagar og vert overført digitalt i regi av frisklivssentralen i Aukra kommune.

Dato, tid og stad

  • Dato: 9. og 12. november 2026
  • Tid: kl. 9.00-15.15
  • Stad: Sambruksrommet på Aukra omsorgssenter
  • Servering av kaffi og te, og det er mogleg å kjøpe seg lunsj på omsorgssenteret si kantine.

Korleis kan eg delta på kurset?

Din fastlege må henvise deg til kurset.

Påmelding

Du vert automatisk påmeldt, når din fastlege sender henvisning til medisinsk poliklinikk Molde merka diabeteskurs. Skriv gjerne at du møter på frisklivssentralen i Aukra.

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er 30. oktober 2026.

Kva koster det?

  • Eigenandel 443 kr
  • For deg med frikort er kurset gratis
  • For pårørande er kurset gratis
  • Dersom du ikkje møter utan å ha gjeve beskjed, vil du bli belasta med eit gebyr

Program

Les meir om kurset på Helse Møre og Romsdal si side.

Kontakt

Ved spørsmål kan du ta kontakt med vår leiande helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø eller Aukra legekontor.

Ta kontakt med Camilla

Kontakt legekontoret