Korleis skal vi ta vare på kvarandre i framtida?

Aukra kommune ønskjer innspel frå både innbyggjarar og tilsette om framtidas helse- og velferdstenester. No er den digitale medverknaden open, med temaet «Unge i sårbare overgangar», og vi håpar mange vil bidra med erfaringar, perspektiv og gode idéar. 

Vi treng din tilbakemelding!

Sei di meining om framtidas helse- og velferdstenester gjennom digital medverknad

No kan du vere med og påverke korleis framtidas helse- og velferdstenester skal utviklast. Den digitale medverknaden i prosjektet Helse og velferd – på veg mot 2040 er open, og Aukra kommune oppmodar både innbyggjarar, tilsette, brukarar og pårørande til å delta.

Temaet i denne undersøkinga er unge i sårbare overgangar i livet og korleis vi som lokalsamfunn kan byggje eit fellesskap rundt dei.
Vi har fleire unge mellom 15 og 19 år som står utanfor både skule, arbeid og sosiale fellesskap. Utanforskap i ung alder får konsekvensar som varer lenge, både for den det gjeld og for samfunnet som heilskap. Ingen har fasiten på dette åleine. Det viktigaste er at du deler tankar, erfaringar og refleksjonar frå kvardagen.

Prosjektet er eit regionalt samarbeid mellom Aukra, Hustadvika, Rauma, Vestnes, Kristiansund og Molde kommune. Målet er å byggje eit solid kunnskapsgrunnlag for korleis kommunane saman kan møte framtidige behov innan helse og velferd fram mot 2040.

For å lukkast er vi avhengige av innspel frå dei som kjenner tenestene best. Vi ønskjer derfor erfaringar, refleksjonar og idear frå så mange som mogleg. Innspela vil vere ein viktig del av grunnlaget for vidare planlegging og utvikling av framtidas helse- og velferdstenester.

Vi håpar du tek deg tid til å dele dine tankar og erfaringar. Saman kan vi bidra til å utvikle gode og berekraftige tenester for framtida.

Delta i medverknaden her: Digital medverknad

Les meir om prosjektet