Kommunedelplan for naturmangfald - Kunngjering av fastsett planprogram

Med heimel i plan- og bygningslova § 4-1 og 11-13, har Aukra kommunestyre i møte den 15. oktober 2025, sak PS-70/26, fastsatt planprogram for kommunedelplan for naturmangfald.

Høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet og innkomne merknader

Det vart meldt oppstart av planarbeidet og samstundes høyring av planprogrammet den 12. juni 2026, med høyringsfrist 14. august 2026. Det kom inn totalt åtte merknader til planarbeidet, alle frå offentleg mynde.

Merknadane ligg i si heilheit i vedlegget «Innkomne merknader etter melding om oppstart og høyring av planprogram», og merknadane er vidare oppsummert og kommentert i vedlegget «merknadsskjema». Planprogrammet er revidert etter mottekne innspel og ligg vedlagt, endringar er vist med raud skrift.

Vidare saksgang 

Med grunnlag i det fastsette planprogrammet vil kommunen no starte arbeidet med å utarbeide sjølve planforslaget. Når planforslaget er ferdig utarbeidd, vil dette bli sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Fastsetting av planprogrammet er eit prosessuelt vedtak utan klagrett etter forvaltningslova § 28.