Kokevarselet i Aukra kommune er oppheva

Vatnet er trygt å bruke utan å koke det.

Oppdatering 11. november kl. 12.00

  • Kokevarselet er oppheva og det er trygt å bruke vatnet utan å koke det

Oppdatering 10. november kl. 15.30

  • Kokevarselet gjeld framleis
  • Det er sendt nye prøvar til laboratoriet og vi ventar på svar

Aukra kommune har sett i verk tiltak for å avklare pågåande situasjon med kokevarsel i kommunen. Bakgrunnen for kokevarselet er at det på rutinemessige vassprøver førre veke vart påvist intestinale enterokokker på to av prøvepunkta våre. Slike bakteriar har ein grenseverdi på 0 og skal ikkje førekomme i drikkevatn. Dersom intestinale enterokokker blir påvist, er kommunen pålagd å sende kokevarsel til alle abonnentar som potensielt kan ha fått vatn via dei aktuelle prøvepunkta. 

For å kunne oppheve eit kokevarsel må det ligg føre godkjende vassprøver frå dei same prøvepunkta to påfølgjande dagar. Det tek noko tid å analysere slike prøver, og eit endeleg prøvesvar tek 48 timar å få verifisert. Kommunen har fått tilbakemelding på den første oppfølgingsprøva og den viser ingen teikn til forureining. Det er venta tilbakemelding på andre oppfølgingsprøve i løpet av tysdag ettermiddag. Kommunen vil opdatere saka, når denne ligg føre. Ved eventuell oppheving av kokevarsel vil kommunen sende SMS til alle abonnentar.

Det blir presisert at kokevarselet er gjeldande inntil ny informasjon blir gitt.

Opprinneleg melding

Inntil vidare ber vi alle om å koke vatnet for å sikre at det er helsemessig trygt. Alt vatn som skal bli brukt som næringsmiddel skal bli kokt. Vatnet bør fosskoke i minst eitt minutt for å sikre at alle bakteriar er borte.

  • Kokevarselet gjeld for heile kommunen
  • Kommunen sender ut ny SMS, når situasjonen endrar seg

Saka vert oppdatert.