Kokevarsel i Aukra kommune

Grunna mogleg påvist intestinale enterokokker på eit av våre målepunkt vel vi å vere føre var og sende ut kokevarsel.

Oppdatering 10. oktober kl. 15.00

  • Kokevarselet gjeld framleis
  • Det er sendt nye prøvar til laboratoriet og vi ventar på svar
  • Kokevarselet vil sannsynlegvis gjelde fram til søndag ettermiddag, men kommunen vil sende ut SMS, når du ikkje treng å koke vatnet lenger

Oppdatering 9. oktober kl. 15.00

  • Kokevarselet gjeld framleis
  • Det er sendt nye prøvar til laboratoriet og vi ventar på svar

Opprinneleg melding

Inntil vidare ber vi alle om å koke vatnet for å sikre at det er helsemessig trygt. Alt vatn som skal bli brukt som næringsmiddel skal bli kokt. Vatnet bør fosskoke i minst eitt minutt for å sikre at alle bakteriar er borte.

  • Kokevarselet gjeld for heile kommunen
  • Kommunen sender ut ny SMS, når situasjonen endrar seg

Saka vert oppdatert.