Kan ein sommarjobb som fiskar vere aktuelt for deg?

I sommar kan ungdom mellom 15 og 25 år som er nysgjerrig på fiskaryrket og har lyst på yrkeserfaring, søke om sommarjobb i Ungdomsfiske.  

Kva er ungdomsfiske?

Formålet med Ungdomsfiske er at fleire ungdommar får prøve seg på sjøen. Vi oppmodar til søknader frå alle som er interesserte, uavhengig av kjønn og bakgrunn.

Kommunane Ålesund, Aukra, Aure, Averøy, Hustadvika, Kristiansund og Smøla leiger inn båt med skipper som vil rettleie ungdommane som er ombord. Lønna vil vere det du får for sal av fisken du fiskar. 

Tidsrom for ungdomsfiske

For Aukra vil fiske gå føre seg desse vekene: 

Periode 1: 24. juli - 1. august

Skipper:  Arild Tøsse

Periode 2: 30. juni - 13. juli

Skipper: Andreas Løken Håbet

For å kunne delta må du: 

  • Fylle 15 år i 2025 eller vere eldre, men ikkje ha fylt 25 år før 30.4.25.
  • Delta på tryggleiks- og opplæringsdag i Kristiansund 24. juni (25. juni for Ålesund)
  • Kunne møte opp og ta deg heim frå avtalt oppmøtestad
  • Følgje opp dei krava til søknader/dokumentasjon som krevst, om du får tilbod om sommarjobb.
  • Tidleg i haust vil det vera ei felles avslutning, og me ønskjer at flest mogleg er med på denne.

Slik søker du

Klikk på denne lenka for å komme til søknadsskjemaet. 

Søknadsfristen er 2. juni 2025. 

I søknadsskjemaet kan du krysse av kva periode du søkjer på (kan kryssa for begge periodane).

Spørsmål kan rettast til Tove Henøen ved Nordmøre fiskebåt på 913 29 242 eller tove@nordmorefiskebat.no

Les meir om Ungdomsfiske

Aukra kommune hadde med undgommar på sommarfiske i 2024 også. Her kan du sjå litt meir om kva som skjedde då.