Invitasjon til presentasjon av moglegheitsstudien for sambrukshuset i JulsundetVelkomen til presentasjon av moglegheitsstudien for sambrukshuset i Julsundet 12. november kl. 18.00.Dato, tid og stadOnsdag 12. november 2025Kl. 18.00-19.30Julsundet fleirbrukshusProgramKommunen introduserer3RW presenterer moglegheitsstudien for sambrukshuset i JulsundetOm Julsundet sambrukshusAukra kommune skal byggje nytt sambrukshus i Julsundet. Sambrukshuset skal vere ein stad som er tilpassa stadens og innbyggjaranes behov. Den 24. juni kom arkitektar frå 3RW og representantar frå Aukra kommune til Julsundet skole. Det vart halde tankeverkstad med ulike representantar frå lag og organisasjonar. Saman med oppgåver, som vart organiserte for elevar frå skolen i forkant, danna dette eit informasjonsgrunnlag som blir utgangspunkt for vidare løysingar og forslag til program. Den 17. september 2025 vart det halde eit ope møte med moglegheit for å medverke og kome med innspel. 3RW presenterte oppsummering frå førre runde med analysar av tilbakemeldingar frå innbyggjarar. Det var òg ein gjennomgang av skisser og val av tomt for sambrukshuset. No skal 3RW kome tilbake og presentere moglegheitsstudien for sambrukshuset i Julsundet. Vel møtt den 12. november på Julsundet fleirbrukshus! Publisert 05.11.2025 13.09 Sist endra 05.11.2025 13.17