Innføring av tilbod om gratis kikhoste-vaksine til gravideFrå mai 2024 får alle gravide tilbod om gratis kikhostevaksine i svangerskapsveke 24, som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinen vernar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose i 3-månaders alder.Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år. Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.Kikhostevaksinen blir tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.Korleis kan eg ta vaksine i Aukra?I Aukra er det både legekontoret og helsestasjon som tilbyr vaksinen. Du bestiller time, der du ønskjer å ta vaksinen.Bestill time på helsestasjonenBestill time på legekontoretKorleis verkar vaksinen?Gravide som tek vaksine, lagar vernande antistoff. Antistoffa blir overførte vidare til barnet i magen.For at barnet skal få vern, må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.Under og etter vaksinasjonVaksinen blir tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24.Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen. Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden, og det kan òg bli litt raudt og hovent. Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta. Dette går vanlegvis over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar. Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet. Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymra for plager/sjukdom etter vaksinasjon. Publisert 26.04.2024 10.20 Sist endra 10.04.2025 09.09