Hele Norge båler laurdag 18. januar 2025I friluftslivets år 2025 ønskjer vi å inspirere deg til å oppdage og ta vare på din nærnatur, vere ute saman og prøve nye friluftslivsaktivitetar. Kanskje du vil oppdage ei heilt ny glede i i den fantastiske naturen rundt oss? “Hele Norge båler” er startskotet for den landsdekkande feiringa og markeringa av Friluftslivets år 2025. Målet med arrangementet er å fyre opp eit bål i kvar bygd og by frå sør til nord og å samle menneske til aktivitetar og bålsamtalar.Å samlast rundt bål krev hensyn til naturen, dyr, grunneigar og kvarandre. Det er viktig at naturen er like fin som før der vi fyrer bål og at folk samlast på eigna stadar. Når du skal tenne bål må du tenkje på: Plassering av bålplass. Bål skal ikkje tennast på berg eller rullestein, eller forstyrre dyreliv.Ta med ved og oppfyringsved som skal brukast til bål, og la død ved få bli liggande i naturenForbered for slukking og rydd opp etter deg.Det er mykje ver og vind i kommunen, men du kan finne ein plass i ly. Vi har mange gapahuker og friluftsområde som også har bålplass, gå gjerne til ein som er nær deg. Dato, tid og stadLaurdag 18. januar frå kl.15Bål i AukraJulsundet: Eidskrem, i fjøra nord for Eidskremfeltet og Hundetjønna Gossen: Riksfjordremma og HalingshaugholaVi har med oss lokale ungdommar frå DNT- Ung i Romsdal, ta turen ut du òg! Ta gjerne med det du treng for ei triveleg stund rundt bålet, hodelykt er lurt til returen. Publisert 16.01.2025 15.20 Sist endra 16.01.2025 15.33