Heimevernet skal gjennomføre årleg trening i perioden laurdag 13. september til laurdag 20. september 2025.
Store delar av øvinga vil gå føre seg i Aukra kommune, både på fastlandet og Gossen, det må derfor påreknast ein del militær aktivitet i vårt område.
Heimevernet disponerer nokre av kommunen sine bygg under øvinga. Det vil vere ekstra stor aktivitet både med militært personell og køyretøy rundt desse bygga heile døgnet i perioden øvinga går føre seg. Heimevernet har også inngått avtale med private grunneigarar for område der dei planlegg å gjennomføre øvingar i felt.
Publisert 15.09.2025 08.44
Sist endra 15.09.2025 09.50