Har du aktivert din tilgang til barnas konto i HelsaMi?

Helsestasjonen og skolehelsetenesta vil oppmode alle føresette til barn og ungdom under 16 år til å laste ned HelsaMi-appen for betre oversikt over eige barn.

Kva får du oversikt over i appen?

Last ned appen og aktiver barnet sin konto og få tilgang til:

  • Informasjon etter kontrollar og undersøkingar, vekstkurver og målingar
  • Samtykkeskjema for vaksinering i 2., 6., 7. og 10. trinn
  • For sjukehus som nyttar Helseplattformen ser du besøkssammendrag frå behandling og timeavtalar med sjukehus
  • Informasjon frå fastlege - dersom legekontoret brukar HelsaMi
  • Gjennom menyvalet «Kommunale helse- og omsorgstenester» kan du søkje om støtte på vegne av barnet, som til dømes støttekontakt/tilrettelagt fritid og barnebustad
  • All kommunikasjon med helsesjukepleiar tilknytt ditt barns skole gjennom meldingsfunksjonen i HelsaMi

Hugs at du mister tilgangen, når barnet fyller 16 år.

Korleis få tilgang?

  1. Logg inn i din HelsaMi
  2. Gå vidare til menyvalet "Be om tilgang til barns helseopplysningar" og fyll ut skjemaet

Søknaden blir behandla så raskt som mogleg, men det er lurt å søkje i god tid då det kan vere behandlingstid. Når du har fått tilgang, kan du veksle mellom din eigen og barnet sin informasjon ved å trykke på namnet ditt øvst til høgre og bytte til barnet sin HelsaMi.

Du mister tilgangen, når barnet fyller 16 år.

Last ned HelsaMi med Google Play

Last ned HelsaMi med Apple

Logg på HelsaMi med nettlesar