Frisklivssentralen sitt treningstilbod

Frisklivssentralen sitt treningstilbod er for tida satt på pause. Det vil seie at det ikkje vert basistrening og yoga/bevegelegheitstrening ei stund framover. Det er heller ikkje mogleg å melde seg på tilbodet.

Kva er frisklivssentralen sitt treningstilbod?

Vi har to forskjellege tilbod: Yoga/bevegelegheitstrening og basistrening.

Om yoga/bevegelegheitstrening

Dette er ein time med fokus på styrke, balanse, avspenning og pust. Det er enkle øvingar gjort i eit roleg tempo med kroppsvekt som belastning. Nybegynnarnivå. 

Om basistrening

Styrke og kondisjonstime med fokus på enkle øvingar med kroppsvekt eller vekter som belastning. Dette er ein time som passar for alle uansett nivå.

Oppstart

Oppstart er 10. og 11. januar 2024.

Kva kostar det?

Prisen er 500 kr per halvår. Du kan gå på dei timane du ønskjer.

Gratis prøvetime

Vi tilbyr ein gratis prøvetime. Ta kontakt med Kristine om du ønskjer å prøve. Du kan melde deg på tilbodet etter prøvetimen, dersom du ønskjer å fortsette.

Ta kontakt med Kristine Småge for å avtale prøvetime

Påmelding

Tilbodet er for tida satt på pause. Det er ikkje mogleg å melde seg på.

Kontakt

Kristine Småge
Frisklivsrettleiar
E-post
Mobil 47 35 35 04
Camilla Hjellset Orø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 32 59 30
Therese Stokke Viken
Fysioterapeut
E-post
Mobil 97 16 07 13