Foreldrekurs hausten og vinteren 2026/2027 - Trygghetssirkelen

Kurstilbodet for føresette med barn i alderen 0-16 år i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen november 2026. Kurset går i regi av helsestasjonen.

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert og går over seks kveldar. Kvar kurskveld vil vare i ca. 1,5 timar.
  • Alle kan melde seg på - helsestasjonen ønskjer at alle føresette deltek. Vi veit at det kan vere vanskeleg å overføre kunnskapen til ein annan som ikkje deltar. Mange opplev også at det har positive effekter på parforholdet å delta saman. 
  • For å få fullt utbytte av kurset forpliktar du deg til å møte opp alle seks kveldane.

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kursdatoar hausten og vinteren 2026/2027

Kurset går over seks onsdagar mellom kl. 13.30 - 15.00 slik: 

  • 25. november
  • 02. desember
  • 09. desember
  • 16. desember
  • 13. januar
  • 20. januar

Kursstad

Kurset vert halde på Mevoldtunet.

Påmelding kurs vinteren 2026

Alle kan melde seg på. Vi ønskjer at alle føresette deltek. Det er bindande påmelding. 

Maks tolv plassar.

Påmeldingsfrist er onsdag 18. november 2026.

Meld deg på kurset ved å sende ein e-post til helsesjukepleiar Tonje Vikhagen til tonje.vikhagen@aukra.kommune.no eller psykolog Marie Midtsund til marie.midtsund@aukra.kommune.no 

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om kurset, kan du ta kontakt med helsesjukepleiar Tonje Vikhagen eller psykolog Marie Midtsund.

Ta kontakt med Tonje

Ta kontakt med Marie

Meir informasjon

Om kurshaldarane

Psykolog Marie Midtsund - Klikk for stort bilete

Marie Midtsund er psykologspesialist og jobbar i Aukra kommune og sjølvstendig. Marie jobbar også for Tilknytningspsykologene som forvaltar COS-P i Skandinavia. Ho har brei erfaring frå psykisk helsevern og forebyggjande arbeid med barn og unge. Teamleiar for psykisk helseteam for barn og unge. 

Helsesjukepleiar Tonje Vikhagen - Klikk for stort bilete

Tonje Vikhagen er helsesjukepleiar og jobbar i skolehelsetenesten på Julsundet skole. Har vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge frå HiMolde, og er sertifisert kurshalder i trygghetssirkelen - COS P. Fullførte vidareutdanning i kognitiv atferdsterapi for barn og unge våren 2025. Er også ein del av psykisk helseteam for barn og unge.