Endringar i innmelding til FrivillighetsregisteretBrønnøysundregistera er i gang med å modernisere tenestene sine slik at dei blir automatiserte og meir brukarvennlege. Dette gjer at frivillig sektor enklare og raskare kan utføre oppgåver hos Brønnøysundregisteret.Den 5. mai 2025 blir Frivilligregisteret nytt. Me reetablerer det eksisterande registeret på ny plattform, og tilbyr nye tenester for innrapportering og tilgjengeleggjering av informasjon frå registeret.I samband med endringa av registeret, vil vi i større grad skilje informasjon som skal til Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret. Det gjer at registeret allereie 28. januar kjem til å gjere endringar i dagens samordna registermelding i Altinn. Då kan du ikkje lenger opprette ei ny verksemd i Enhetsregisteret og samtidig registrere den i Frivillighetsregisteret, men må vente til du har fått eit organisasjonsnummer frå Enhetsregisteret før du kan registrere foreininga i Frivillighetsregisteret. Elles vil registreringa bli som før.Rettleiing i korleis registrere i Frivillighetsregisteret. Publisert 20.01.2025 08.23 Sist endra 20.01.2025 08.23