Endring i kommunale gebyr 2025

Du lurer kanskje på kvifor vi aukar kommunale gebyr? I artikkelen nedanfor har vi samla litt informasjon som skal gje deg eit svar.

Vi har no sendt ut faktura for kommunale gebyr for første kvartalet 2025. Vi har fått nokre tilbakemeldingar, der innbyggjarane våre lurte på om beløpet er rett. Samla gebyrauke for eit normalabonnent for 2025 er på rundt 14,1 prosent - så beløpet på fakturaen vil vere høgare enn ved siste faktura for 2024.

Aukra kommune bereknar kommunale gebyr etter forskrift om sjølvkost. Dette betyr at kostnadene som kommunen får ved produksjon av ein bestemt teneste skal bli dekt av gebyra som brukarane av tenestene betaler. Kommunen har ikkje høve til å tene pengar på tenestane. Har vi overskot, må vi sette ned gebyra - har vi underskot, må vi auke dei.

Rentenivå, kapasitetsbegrensninger ved gjennomføring av planlagte prosjekt, samt usikre utgifter og inntekter påverkar sjølvkostresultatet. Dette kan føre til at det vert utfordrande å treffe med budsjettet.

Som i dei fleste andre kommunar aukar dei kommunale gebyra samanlikna med 2024. Renovasjon aukar mest med 25,1 prosent.  Årsaka til auka i renovasjonsgebyret er samansett: 

  • Aukra kommune har auka kapital- og driftsutgifter knytt til deponiet på Rothaugen.
  • I tråd med «generasjonsprinsippet» må kommunen dekke inn underskot innan fem år etter at det har oppstått. Generasjonsprinsippet betyr at den som forureinar skal betale, ikkje seinare generasjonar. Aukra kommune hadde i 2024 eit forelda beløp på 1 247 198 kr som vi må dekke inn i 2025. 
  • Romsdal Interkommunale Renovasjonsselskap har sett opp prisane sine med 5,8 prosent på eit normalgebyr.

Som eit kompenserande tiltak er auke i gebyr for vatn og avløp sett lågast mogleg. Kommunestyret har vedteke å auke vassgebyret med 5 prosent og avløpsgebyret med 13 prosent. Årsaka til auka i avløpsgebyret er nødvendige og lovpålagte investeringar i avløpsnettet.

Samla gebyrauke for eit normalabonnent er på rundt 14,1 prosent.