Eigenberedskap - er du førebudd?

Korleis vil du og dine næraste klare dykk viss straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handle på ei veke

Slik bidreg du til Noregs beredskap

Norske styresmakter tilrår at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølve i ei veke. Det er fordi kommunar og nødetatar må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.

Er du førebudd?

Mobilnett - Klikk for stort bilete Simen Prestaasen/DSB

Korleis vil du og dine næraste klare dykk viss straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? 

Straumbrot kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt. Kva gjer du?

Planlegg din eigenberedskap

Dei fleste er allereie godt i gang med eigenberedskap – kanskje utan å vere klar over det. Med nokre enkle grep kan du få betre oversikt, bygge vidare på det du alt har, og fylle på med det du manglar for å styrkje eigenberedskapen der du bur.

Varme klede, stearinlys, lommelykt, grill og batteribank. Dei fleste har eitt eller fleire av desse produkta frå før, utan å tenkje på at dei høyrer til i beredskapslageret. Difor er det lurt å starte med å skaffe seg ei oversikt.

Sjekkliste for eigenberedskap

DSB har laga ei sjekkliste du kan bruke for å planlegge eigenberedskapen din. I sjekklista finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Du bør gå gjennom behova dine, og vurdere kva løysingar som er moglege der du bur. Husk at familie, venner og naboar kan samarbeide om eigenberedskap.  

Gå gjennom det du har i skap, bod, kjellar og garasje, og kryss av på sjekklista medan du held oversikt over ting som kan vere nyttige i ein krise. Du treng ikkje ordne alt med ein gong. Dei fleste brukar tid på å byggje opp eit godt lager. 

Dei to aller viktigaste tinga du bør ha er:

  • Drikkevatn – vi tilrår om lag 20 liter per person
  • Ein plan for å halde varmen dersom straumen går

Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom og bytt ut varene som går ut på dato. 

Sjekkliste for eigenberedskap finn du på DSB si nettside (lenke).

Les meir om korleis du kan planlegge din eigenberedskap på DSB si nettside.

Eigenberedskap for ei veke

Ved å vere førebudd i ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegen vidare om krisa skulle bli langvarig. Hugs å planlegge eigenberedskap for kjeledyra også.

Finn din beredskapsvenn

Simen Prestaasen/DSB

Det kan vere krevjande å planlegge eigenberedskap for ei veke. Hugs at familie, venner og naboar kan hjelpe kvarandre og samarbeide om gode løysingar. 

Finn ut kven som kan trenge di hjelp, og kven du kan få hjelp av.  

Beredskapsvener kan hjelpe kvarandre med:

  • omsorg og støtte
  • opphald og overnatting
  • deling av utstyr og varer
  • praktiske oppgåver

Kontakt

Beredskapskoordinator
Geir Janos Göncz
E-post
Mobil 97 98 79 09
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30