Digital kafé

Digital kafé

Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett? Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé.

Dato, tid og stad

  • Dato: Kvar tysdag mellom 11. oktober og 13. desember 2022
  • Tid: Kl. 18.00-20.00
  • Stad: Soltun scene på Aukra kulturhus

Viktig informasjon om tilbodet

  • Ta med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.
  • Det er låg terskel for å delta.
  • Vi stiller med kaffi og noko å bite i.
  • Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.

Må eg melde meg på?

Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil.