Velkommen til digital kafé 2. halvår 2025Neste samling er 21. oktober kl. 16-18 på Soltun scene. Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett? Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé.På digital kafé vil du møte våre supre instruktørar som har vore med oss kvart år, samt fleire kjempegode hjelpeinstruktørar frå pensjonistlaget. Dato, tid og stadDato: Kvar tysdag mellom 7. oktober og 9. desember 2025Tid: Kl. 16.00-18.00Stad: Soltun scene på Aukra kulturhusViktig informasjon om tilbodetTa med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.Det er låg terskel for å delta.Vi stiller med kaffi og noko å bite i.Kvar samling vil ha ein felles del der vi ser på eit tema. So blir det hjelp rundt borda. Du kan få hjelp til det meste - så langt kompetansen til instruktørane rekk.Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.Må eg melde meg på?Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil. Tilbodet er gratis. KontaktinformasjonTa kontakt med Wilhelm Andersen på telefonnummer 913 78 749 om du lurer på noko. Oversikt over tema for hausten 2025Kom i gang med telefon og nettbrettSkru på og av, lade rett, bruka berøringsskjerm, viktige innstillingar som lys, lyd osb.Tryggleik på nettOppdage svindel, usanningar (falske e-postar, SMS osb. Sørgja for å ha vernande passord som gjerdet vanskeleg for andre å komma inn på telefonen eller nettbrettet ditt.BankID og offentlege tenesterKorleis logge inn med BankID, bruke nettbank og offentlege tenester som Skatteetaten, NAV,helseappar. Bankid, er ein sikker måte som trengst for å bevisa at dette er deg.Søke på internett og YouTubeFinne informasjon via Google, nyheiter, hobbyar og underhaldning, søkja etter videoar på YouTubeKommunikasjon med familie og vennerSende SMS og e-post, bruka meldingsappar (Messenger, WhatsApp)Helse på nettBruk av Helsenoreg, bestilla legetime, sjå reseptar og journalarVideosamtalarSnakke med familie via FaceTime, Messenger eller WhatsApp. Bruke Zoom eller Teams til møte medlege eller andre. Dette er måtar å kommunisera, der de ser kvarandre, ikkje berre høyra kvarandre.Navigering i appar og menyarForstå menyar og symbol, byte mellom appar, bruka heim-knappenBilete og kameraTa bilete og videoar, sjå på og dela bilete med familieLaste ned og oppdatera nødvendige apparInstallere nye appar, oppdatera og slette appar Sist endra 20.10.2025 08.42