Digital kafé 1. halvår 2025Første samling blir 21. januar kl. 16-18 på Soltun scene. Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett? Aukra pensjonistlag og Aukra kommune inviterer alle som ønsker det til digital kafé.På digital kafé vil du møte våre to supre instruktørar som har vore med oss kvart år, samt fleire kjempegode hjelpeinstruktørar frå pensjonistlaget. Dato, tid og stadDato: Kvar tysdag mellom 21. januar og 25. mars 2025Tid: Kl. 16.00-18.00Stad: Soltun scene på Aukra kulturhusViktig informasjon om tilbodetTa med eige utstyr – smarttelefon, PC, iPad/nettbrett.Det er låg terskel for å delta.Vi stiller med kaffi og noko å bite i.Kvar samling vil ha ein felles del der vi ser på eit tema. So blir det hjelp rundt borda. Du kan få hjelp til det meste - så langt kompetansen til instruktørane rekk.Hugs: Det å møte menneske har ein verdi i seg sjølv.Må eg melde meg på?Du treng ikkje å melde deg på kafékvelden! Du kjem og går som du vil. KontaktinformasjonTa kontakt med Wilhelm Andersen på telefonnummer 913 78 749 om du lurer på noko. Oversikt over temaE-postadresse og sikre passordFalske nyheiter og desinformasjon del 1Falske nyheiter og desinformasjon del 2Finne fram på kommunen si heimeside og andre offentlege instansarLaste ned og installere Windows-applikasjonar (appar)Korleis få fjernhjelp om PC-en ikkje verkar som den skalKommunikasjon: Kva er moglegheitene og korleis bruke det?Underhaldingsmoglegheiter på nett og elektronikk i heimen hos eldreAndre tema kan bli lagt til Publisert: 15.01.25 Sist endra 12.02.2025 13.58