Brukar- og pårørandeundersøking i helse og omsorg 2025

Aukra kommune ved helse og omsorg vil gjennomføre brukar- og pårørandeundersøking i 2025. Dette er 3. gongen undersøkinga vert gjennomført. 

Helse og omsorg ønskjer å ta pulsen på kor tilfreds innbyggarane er med tenester som vert utført. Andre grunnar til å gjennomføre denne undersøkinga er å sikre brukarmedverknad samt kvalitetssikre, utvikle og forbetre tenester. Med tilbakemelding frå innbyggarar kan ein avdekke problemområde og gjennomføre tiltak til forbetring.

Det vil i januar/februar bli innhenta informasjon frå eit utval innbyggarar som mottek teneste frå institusjon, heimesjukepleie, buteneste, dagsenter og psykisk helseteneste. Ein del pårørande frå nokre av tenestene vil òg bli bedne om å uttale seg. 

Undersøkinga vil i hovudsak bli sendt per e-post med lenke til undersøkinga. Undersøkinga blir tilrettelagt for dei som ikkje har høve til å sende svara elektronisk. 

Aukra kommune nyttar Betre kommune si undersøking.   

Ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren om du har spørsmål om undersøkinga.