AVLYST! Vassavstenging i delar av kommunen måndag 23. og tysdag 24. november

Vedlikehald av vassnettet måndag og tysdag er avlyst. Kommunen har sendt ut SMS til dei berørte. 

OBS! Vedlikehaldet er avlyst og vatnet vert ikkje avstengt. Avlsyning gjeld både måndag og tysdag.

Grunna vedlikehald av vassnettet, blir vatnet avstengt i delar av kommunen måndag og tysdag. Alle som får stengt av vatnet, har fått SMS frå kommunen. 

Vi anbefalar alle som er berørt av avstenginga å tappe vatn til eige forbruk. Når vatnet er tilbake, tapp godt ut i ei kaldvasskrane so nært inntaket som mogleg til vatnet er blankt og utan luft.

Ver merksam på at fleire abonnentar enn dei som er innanfor det skraverte området i karta nedanfor kan oppleve korte avbrot i vassleveransen ved omkopling og klargjøring for pluggkøyring. Det kan også førekomme driftsproblem med brunt vatn elles på nettet i samband med dette.

Måndag 23. november 2026

  • Vatnet vert avstengt på strekninga Hoksneskrysset til Bakkemyrleet
  • Klokka 8.30 til klokka 15.00
  • Vatnet blir sett på igjen utan nærare varsel når arbeida er ferdige
Kart viser området der vatnet vert stengt av måndag 23. november 2026 - Klikk for stort bilete

Tysdag 24. november 2026

  • Vatnet vert avstengt på strekninga Sporsem/Klippen til Bakkemyr
  • Klokka 8.30 til klokka 15.00
  • Vatnet blir sett på igjen utan nærare varsel når arbeida er ferdige
Kartet viser området der vatnet vert stengt av tysdag 24. november 2026 - Klikk for stort bilete