AukradagenVelkommen til Aukradagen. Dagen byr på gratis frukost, gode samtalar og underhaldning på utescena.Årets Aukradag er laurdag 13. juni 2026 og har temaet “Humor over Aukra”. Informasjon om arrangementet vert oppdatert fortløpande.Meld deg på med stand eller bidrag på utescena seinast 31. mai 2026.Om AukradagenAukradagen er eit årleg trivselsarrangement på Falkhytten i Aukra kommune. Dagen byr på gratis frukost, gode samtalar og underhaldning på utescena. Bedrifter, privatpersonar, lag og organisasjonar kan melde seg på den populære marknadsplassen og treffe publikum. Det er òg mange spennande aktivitetar for dei minste. Aukradagen er ein viktig møteplass i Aukra og vert arrangert kvart år i juni. Påmelding til AukradagenDu kan melde deg på Aukradagen ved å bruke vårt elektroniske skjema. Alle som ønskjer det, kan delta med stand eller opptre på utescena.Påmeldingsfrist for AukradagenFrist for påmelding er forskjellig frå år til år, men ca. i midten av mai.Prisar for deltaking på AukradagenNedanfor ser du prisane for Aukradagen 2026. Meirverdiavgift kjem i tilleggPrisane vert justert kvart år Prisar for leige av telt, ekstra bord og stolar til Aukradagen 2026 Leige av telt, ekstra bord og stolar til Aukradagen 2026KvenStorleik på teltPris eks mvaLag og organisasjonar/ privatpersonar3 x 3m2 100 krLag og organisasjonar/ privatpersonar3 x 6m2 600 krBedrifter3 x 3m2 800 krBedrifter3 x 6m3 300 krEkstra bord, 180 x 75 cm115 kr per bordEkstra klappstol20 kr per stolPlassavgift utan leige av telt500 kr Prisar for straum til Aukradagen 2026 Straumprisar Aukradagen 2026KvaPris eks mvaEnkel 1200 W300 krDobbel 2400 W500 kr16 A 3600 W800 krSkap 3-fase1 575 kr Kva skjer vidare etter påmelding til Aukradagen?Når Aukradagen nærmar seg, vil du få ein e-post frå Aukra kommune med praktisk informasjon om dagen, for eksempel tildeling av plass og rigging.Telt, plass og straum vert fakturert etter Aukradagen.Årets AukraværingÅrets Aukraværing har eiga side, som du finn her. Publisert 20.05.2025 14.11 Sist endra 27.03.2026 10.25