Aukra kommune stansar eigenbetalinga for tryggleiksalarmAukra kommune stansar no eigenbetalinga for tryggleiksalarm etter råd frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Helsedirektoratet.Har du fått faktura for tryggleiksalarm med betalingsfrist 30. november, kan du sjå bort frå denne. Dei som allereie har betalt denne fakturaen, vil få beløpet kreditert.Kommunen gjorde i november 2025 ei grundig vurdering av praksisen for tildeling av tryggleiksalarm og eigenbetaling. Vår tolking av regelverket har vore i tråd med den juridiske vurderinga frå KS (Kommunesektorens organisasjon). Denne vurderinga gir større høve til å krevje eigenbetaling enn Helsedirektoratet si tolking. Det er dermed ulike juridiske vurderingar av korleis regelverket skal forståast. Det pågår ei nasjonal avklaring, og kommunen følgjer utviklinga tett. Brukarane skal ikkje betale for tryggleiksalarmen før det ligg føre ei endeleg avklaring. Tilbodet om tryggleiksalarm held fram som før.Les den juridiske vurderinga frå KS Advokatene. Publisert 13.11.2026 12:34 Sist endra 13.11.2026 12:34