Aukra kommune sine ladestasjonar for el-bilar vert flytta til Laddel

Aukra kommune sine ladestasjonar vert flytta frå EVBox til Laddel onsdag 15. oktober 2025.

Dette må du gjere før du kan lade på ladestasjonane

Skal du bruke ladestasjonane må du:

  1. laste ned Laddel-appen frå Google Playstore eller Apple Store
  2. lage deg ein brukar
  3. legge til betalingskort

Korleis kan eg lade bilen min på ladestasjonen?

  1. Gå inn i Laddel-appen og klikk på lader-ikonet på kartet ved deg
  2. Vel din lader basert på ID som er markert på laderen
  3. Klikk på “Start”
  4. Ladinga er no i gang og du kan følgje med undervegs
  5. For å stoppe ladinga kan du anten klikke på “Stopp” i appen eller dra ut kabel
  6. Du vert belasta for ditt forbruk direkte etter endt lading

App eller ladebrikke?

Du kan velje mellom appen eller ladebrikke. Du kan bruke kva som helst ladebrikke eller bestille ein via Laddel.

Bestill ladebrikke frå Laddel

Du registrerer ladebrikken på Min Side i Laddel-appen, under punktet “Ladebrikke”. Skriv inn nummeret du finn bakpå brikken.

Support og vanlege spørsmål

Gå til Laddel hjelpesenter med hjelpevideoar og ofte stilte spørsmål

Support på telefon 38 00 40 90 eller e-post kontakt@laddel.no