Aukra kommune ønskjer å høyre korleis du synes det er å bu og leve i kommunen

I løpet av denne og neste veke (veke 8 og 9) vil eit tilfeldig trekt utval av Aukras innbyggjarar få ein SMS frå avsendaren «Aukra komm» med ein invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking.

Om innbyggjarundersøkinga

  • Spørjeundersøkinga handlar om korleis du synest det er å bu og leve i Aukra kommune, kor nøgd du er med dei kommunale tenestene med meir. 
  • I SMS-en vil det vere ei lenke til å delta i undersøkinga digitalt, på formatet «https://svar.sentio.no/answer?key=» med 12 tilfeldige teikn bak «=». 
  • Alle som vert invitert får ei personleg lenke for å delta, slik at ein veit at berre innbyggjarar i Aukra kommune skal kunne delta. Dette er kvifor lenka inneheld 12 tilfeldige teikn på slutten. Lenka er trygg å trykke på og sendast ut av Sentio Research på vegne av kommunen. 
  • Deltaking i undersøkinga er anonym og frivilleg
  • Samleresultata til Aukra vil samanliknast med andre kommunar av lik størrelse og vi vil kunne samanlikne korleis innbyggjarane i Aukra opplever kommunen samanlikna med inntrykket andre i like store kommunar har av sin eigen kommune.

Sentio Research har gjennomført denne innbyggjerundersøkinga i andre kommunar i Noreg sidan 2010 og er den er utvikla i samarbeid med Nord universitet.

Treng du hjelp til utfylling, kan du ta kontakt med Aukra bibliotek i opningstidene deira. Hugs å ta med mobiltelefon.

Vanlege spørsmål

Kvifor vart eg ikkje invitert til å delta?

Vi trekk eit tilfeldig utval frå innbyggjarane som er folkeregistrert i Aukra kommune, for å få eit representativt utval. Det vil seie at vi skal helst ha ei jamn fordeling av folk av forskjellig alder og kjønn, der fordelinga mellom aldersgruppene er representativ, altså ganske lik, den vi har i Aukra kommune elles. 

Korleis har de fått tak i telefonnummeret mitt?

Telefonnummeret ditt har blitt henta frå registerdata/nummeropplysning, kor dei med bustadadresse i Aukra kommune som er over 18 har vore mogleg å trekke for å delta.

Kvifor vart eg invitert til å delta sjølv om eg har reservert meg mot telefonsal?

Ein har ikkje same moglegheit til å reservere seg mot spørjeundersøkingar og meiningsmålingar som mot telefonsal, då denne spørjeundersøkinga og meiningsmålinga er av allmenn interesse. Sjå Brønnøysundregisteret for meir informasjon om dette.

Eg bur ikkje i Aukra kommune, kan eg likevel delta?

Målgruppa for deltakarar er personar som bur i Aukra kommune. Dersom du er folkeregistrert i Aukra, men likevel ikkje bur i kommunen, kan du sjå bort ifrå spørjeundersøkinga.

Kontaktperson

Kommunalsjef samfunnsutvikling Geir Göncz

Telefonnummer: 979 87 909