Gjennomgangen vart juridisk kvalitetssikra av kommunen sin advokat, og kommunen følgjer gjeldande lover og forskrifter.
Tryggleiksalarm er eit viktig tiltak for å skape tryggleik og bidra til at innbyggjarane kan bu heime så lenge som mogleg. Kommunen skal samtidig sikre at tildeling av tenesta og eventuell eigenbetaling skjer i samsvar med gjeldande regelverk.
Gjekk gjennom praksisen i oktober 2025
Aukra kommune gjennomførte i oktober 2025 ein gjennomgang av kommunen sin praksis knytt til eigenbetaling for tryggleiksalarm. I samband med dette vart vedtaka om tryggleiksalarm gjennomgått og vurderte.
Gjennomgangen omfatta mellom anna grunnlaget for tildeling av tryggleiksalarm og i kva tilfelle kommunen etter gjeldande regelverk kan krevje eigenbetaling. Kommunen si vurdering av regelverket og praksisen vart også juridisk kvalitetssikra av kommunen sin advokat.
Gjennomgangen viste at det er avgjerande å skilje mellom tryggleiksalarm som blir tildelt som ei nødvendig helse- og omsorgsteneste, og tryggleiksalarm som blir tilbydd som ei serviceteneste. Det skal gjerast ei individuell vurdering av behovet til den enkelte og kva grunnlag tryggleiksalarmen blir tildelt på.
– Vi er opptekne av at innbyggjarane våre skal vere trygge på at kommunen følgjer regelverket, og at den enkelte får ei individuell og korrekt vurdering. Difor gjekk vi gjennom praksisen vår og vedtaka knytte til tryggleiksalarm i oktober 2025. Vurderingane vart også juridisk kvalitetssikra av kommunen sin advokat, seier kommunalsjef for helse og omsorg Silje Liepelt.
Følgjer gjeldande regelverk
Aukra kommune er kjent med den siste tida si mediemerksemd rundt eigenbetaling for tryggleiksalarm, og at andre kommunar vurderer sin praksis.
Kommunen ønskjer ikkje å kommentere vurderingane som blir gjorde i andre kommunar. Aukra kommune sitt ansvar er å sikre at eigen praksis er i samsvar med gjeldande regelverk.
– På bakgrunn av gjennomgangen som vart gjennomført i oktober 2025, og den juridiske kvalitetssikringa av denne, vurderer vi at Aukra kommune har ein praksis som er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Dersom det kjem nye nasjonale avklaringar eller føringar som får betydning for kommunen sin praksis, vil vi sjølvsagt rette oss etter desse, seier Liepelt.
Kontakt:
Silje Liepelt
Kommunalsjef helse og omsorg
Aukra kommune