Omtale
Velkommen til språkkafé på Aukra kulturhus! Språkkafeen er for deg som vil praktisere norsk. Vi møtast til ein hyggeleg og uformell prat over ein kopp kaffi eller te.
Det er språkkafé kvar torsdag klokka 11 til 13 og siste måndag i kvar månad klokka 18 til 20.
Vil du vere frivillig?
Vil du vere frivillig på språkkafé? Vi ser etter deg som snakkar godt norsk og har lyst å hjelpe andre å øve! Det er ingen krav om utdanning, berre eit ope hjarte og ønskje om å snakke med folk frå heile verda! Du treng ikkje å vere med kvar veke. Kanskje du kjenner nokon dette kan passe for?
Vil du vite meir eller melde deg som frivillig? Ta kontakt med kulturformidlar Marta Kristin Eidskrem.