DrikkevatnAukra kommune skal sikre levering av tilstrekkelege mengde reint vatn frå kommunens vassforsyningssystem. Drikkevatn skal vere hygienisk tryggjande, klart og utan framtreande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan medføre fare for helseskade i vanleg bruk. Ved driftsbrot Aukra kommune skal sikre forsyning av vatn fram til brukaren. Kommunen skal varsle brukaren om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, for eksempel reinsing/spyling av leidningsnettet. Sjå annonse i presse mv. Vassmangel Kommunen kan gje restriksjonar for bruk av vatn ved vassmangel. Om naudsituasjonar (katastrofar mv.) gjer det naudsynt å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil brukarar og næringsverksemder bli informerte om situasjonen og kor lenge den midlertidige/provisoriske vassforsyninga vil vare. I områder utan kommunal vassforsyning I områder utan kommunal vassforsyning må bebuarar, næringsliv osv etablere eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggeløyve utan at det ligg føre tilfredsstillande vatn- og avløpsløysing. Sist endra 24.03.2023 23.16