Utslepp av olje- og/eller fetthaldig avløpsvatn (oljeutskillar)

Utslepp av olje-/fetthaldig avløpsvatn er søknadspliktig og krev løyve. Utan løyve er utsleppet ulovleg.

Kva er olje-/fetthaldig avløpsvatn?

Olje-/fetthaldig avløpsvatn er avløpsvatn som inneheld olje-/fetthaldige produkt som til dømes motorolje, smørefett, parafin, bensin og liknande.

Kven må søkje om løyve?

Privatpersonar kan ikkje sjølv søkje om løyve. Du som eigar eller brukar av anlegget er tiltakshavar. Den som søkjer om løyve må ha sentral godkjenning på området "Vannforsyning, avløp og renseanlegg".

Når må eg søkje om løyve?

  • Før etablering av eit nytt utslepp av olje-/fetthaldig vatn, til dømes i samband med nybygging, påbygging og endring av bygg/bruksføremål
  • Før vesentleg auke av utslepp, til dømes dersom vassmengden aukar som følge av større vaskehall, fleire vasskranar og liknande. Ei vesentleg auke vil vere, når utsleppet aukar med 25% eller meir.
  • Før du gjer endringar på utskillaranlegget som til dømes ved utbytting av eit gamal anlegg med eit moderne reinseanlegg eller ved flytting/endring av utsleppspunkt

Korleis søkje?

Fyll ut vårt elektronisk søknadsskjema. Det er mogleg å laste opp vedlegg i skjemaet.

Søk om utsleppsløyve for olje-/fetthaldig avløpsvatn

Dette må du leggje ved søknaden

  • Kart 1:1000 med plassering av avløpsanlegg og staden for utslepp
  • Teikningar av oljeutskillar og prøvetakingskum
  • Oversikt over varsel til dei som kan bli særleg berørt av saka
  • Beskriving av driftsrutinar

Krav til tømming

  • Du må inngå ein avtale med eit tømmefirma om regelmessig tømming tilpassa behova til verksemda
  • Du må ha ein gyldig tømmeavtale til ei kvar tid
  • Aukra kommune kan gje pålegg om endring av tømmefrekvensen, dersom det er nødvendig
  • Du må føre inn dato for tømming og kven som har utført tømminga i driftsjournalen for anlegget

Du kan lese meir i vår lokal forskrift om påslepp av fetthaldig avløpsvatn § 6-1.

Les forskrifta § 6-1

Krav til drift, vedlikehald og kontroll

Du finn krava i vår lokal forskrift om påslepp av fetthaldig avløpsvatn § 6-2.

Les forskrifta § 6-2

Krav til rapportering

Du må sende desse rapportar til Aukra kommune:

  • Rapport frå femårskontrollen
  • Tømmerapport

Kva koster det?

Det vert fakturert eit eingongsgebyr for saksbehandling ved søknad om løyve til utslepp/påslepp av olje-/fetthaldig avløpsvatn. Det er tiltakshavar som får fakturaen for gebyret.

Desse kostnadar kjem i tillegg:

  • Årsgebyr for kontroll/tilsyn av oljeutskillar
  • Årsgebyr for kontroll/tilsyn av fettutskillar

Det er kommunestyret som fastset gebyret kvart år.

NB! Gebyra er ikkje fastsett enno. Dei vert lagt ut så snart dei er vedteken av kommunestyret.

Klage på vedtak

Vedtak om utsleppsløyve for olje-/fetthaldig avløpsvatn er eit enkeltvedtak som du kan klage på.

Regelverk

Forureiningslova

Forureiningsforskrifta

Lokal forskrift om påslepp av olje-/fetthaldig avløpsvatn

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30